VEDTEKTER
FOR
Klubbavikjo båtlag
§ 1. FORMÅL
Skapa eit godt båtmiljø.
Sikra båthamna og opplagsplassar.
Sikre friareal og betra moglegheit for bruk av disse.
§ 2. ERSTATNINGSANSVAR
KB har ikkje økonomisk ansvar for skader på båtar, materiell eller personar i det området laget disponerar.
Båtane i hamna skal vera ansvarsforsikra av eigar.
§ 3. KONTINGENT
Kontingent vert fastsett av årsmøtet. Kontingenten skal dekka forsikring, framtidige utgifter og ein eventuell eigendel på forsikring.
§ 4. ADMINISTRASJON
Klubbavikjo båtlag (KB) skal leiast av ein hamnesjef og eit styremedlem. Styremedlem bør også sitja i styret til Klubbavikjo sameige.
§ 5. VAL
Hamnesjef og styremedlem skal veljast av medlemmane for to år om gongen. Hamnesjef kan nekta attval i ein fem års periode etter siste verv.
§ 6. MEDLEMMENE SINE PLIKTER OG RETTAR
Alle pliktar å opptre omsynsfullt og bidra til god orden i hamna.
Medlem har rett til å fortøya eigen båt med størrelse opp til maksimalt 28 fot – 8,5 m total lengde. Total lengde er inkludert badeplattform, baugspryd og davitar med jolle / gummibåt.
Medlemmane skal fortøya eigen båt på tildelt plass.
Gjester kan fortøya på eige ansvar på utsida av bølgjebrytar = A -bryggje eller på tilvist plass.
Båten skal fortøyast forsvarlig i minst 4 punkt + spring der det let seg gjera. Tauverk skal ha tilstrekkelig dimensjon med rykkdemparar av gummi.
Fortøyingar skal ikkje hengja i sjøen når båten forlèt plassen.
Medlemmene har plikt til å ta del i dei styrande organ, komitear og å utføra dugnad .
Straum: Medlem kan nytta straum frå fellesanlegg til korttidsbruk.
Straum til oppvarming eller anna langtidsbruk skal avtalast med
Hamnesjef og den enkelte blir fakturert etter forbruk.
Tilkopling skal skje med godkjente kablar av tilstrekkelig tverrsnitt. Det skal ikkje vera skøytar på kablar mellom overbygd område ombord og landkontakt
Dugnad:
Alle medlemmer pliktar å utføra inntil 2 timar dugnad/år.
Verdien av 1 time dugnad vert sett til kr. 100,-
Ikkje utført dugnad vert kravd inn saman med årsavgift, og
dugnad ut over 2 timar vert godtgjort.
Styret i KB held oversikt over dugnaden og har rett til å kalla inn til ekstra timar når det er trong for dette.
Medlemmer som ikkje ynskjer å delta i dugnad skal gi melding til styret, og vil få auka årsavgifta med kr 200.-
§ 8. ENDRING AV VEDTEKTENE
Forslag til endring av vedtektene skal leggjast fram for årsmøtet gjennom styret innafor den frist som årsmøtet avgjer. Vedtak skal ha 2/3 fleirtal av medlemmene.
§ 9. ORDENSREGLAR
Sløying av fisk i hamna er forbode.
Fiskereiskap skal ikkje lagrast på bryggjene.
Alt avfall skal kjeldesorterast og deponerast korrekt.
Joller eller gummibåtar skal ikkje lagrast på kaianlegget.
Støy og tomgangskjøring skal avgrensast til eit minimum.
Større reparasjonar bør skje på slipp.
