Kjøp fiskekort

online: inatur             mobil: sms                   lokalt: sjå oversikt

Kontaktinfo

Postadresse
Jølster Jakt og Fiskelag
Fellesstyret
v/ Oddmund Støylen
6847 Vassenden

E-post
Mobil 99441184

Translate this page

Søk på sidene våre

Ikon Søk

I Jølster er du garantert fjellaure på kroken!

Enten du er ein erfaren fiskar eller aldri har fått fjellaure før, så er du nesten garantert fisk på kroken her i Jølster.
Bruk eihands flugestang eller haspelstang med dupp og små fluger i krok nr. 14 eller 16. Grå og brune fluger om dagen, svarte om natta, og gjerne med sølvkropp. Prøv ein liten blank spinner eller sluk.
Mest fisk får du ved markfiske med lettspinnstang, 0.17- sene og krok nr.14.
Fisken er lettskremd i det klare vatnet. Skal du få større fisk, må du lure deg ned mot elvekanten.
Fjellauren står ofte heilt inne ved land i ly av torvkanten.
Sikraste fiskeplassar er strykkanten og djupe parti i utløpet av store elve-hølar og i utosane til dei mange elvar og bekkar som renn ut i Jølstravatnet når dei veks opp etter kraftige regnskyll.
For å fiske med oter frå båt, bør det vere ein frisk bris, litt regn frå sør eller tussmørkt.
Regn frå sør og sørvest er godt vêr for fritidsfiskaren, men konstant tilsig av brevatn gjer at det alltid finst ein plass i elvar og vatn der auren bit heile sommaren.

Får du ingenting, søk råd hos lokalkjende fiskarar.