Velkommen til Jotunfjell Fjordane Elghundklubb
Org.nr: 996350878 
Jotunfjell Fjordane Elghundklubb er ein områdeklubb under Norsk Elghundklubbers forbund. Klubbens aktivitetsområde er kommunane Sel (vest for Lågen), Vågå og Lom i Oppland og område mellom Sognefjorden og Romsdalsfjorden på Vestlandet.
Målsettinga for klubben er å arbeide for at vi, ved systematisk avl, skal få fram det beste eksteriør og jakteigenskapar hjå våre 9 elghundrasar, slik at de blir best mogelege jakthundar.
Sjå kort presentasjon av klubben her:
Nyhetsarkiv
Resultat Fra Sogndalsutstillingen 19. mai finn du her
35 Hunder var påmeldt til utstillingen. Arrangementet ble gjennomført på en flott måte i fine omgivelser. Takk til de som sto for arrangementet
22. May, 2012
2 DAGERS UTSTILLING PÅ DOMBÅS
Det er på nytt tid for 2-dagers utstilling på Dombås og vi ønsker alle elghundvenner hjertelig velkommen til foten av Dovrefjell. Lørdag 16. juni og søndag 17. juni 2012
22. May, 2012
Er du interessert i laushundkurs???
Kunne du tenkje deg å vere med på eit laushundkurs, kan du melde di interesse til Jan Skogen mob.915 42 600. Er det meir enn 5 interesserte så vil me arrangere kurs. tid og stad vil me evt.komme attende til.
14. May, 2012
Aktivitetshelg i Vågå 8 - 10 Juni
Det blir arrangert kurs i ettersøk 8 - 10 juni i Vågå. Tema på denne helgen vil være ettersøk i forbindelse med jakt. Dette vil foregå i Karlsonbua som ligg i ved Ridderspranget. Det vil bli anledning til å gå blodsporprøve. Velkommen til ei trivelig helg i Sjodalen.
Påmeldingsfrist 01.06.2012
07. May, 2012
Aktivitetshelg i Aurland 25-27 mai
Det vert arrangert bandhundkurs / dressurkurs i Aurland 25-27 mai. Det vert også høve å gå blodsporprøvar! Velkommen til ei kjekk helg i Aurland!
04. May, 2012
Grytosen Koks og Grytosen Loke med flotte Resultat på utstillinga i Naustdal
Fra venstre er Grytosens koks og Egil Skogum (eier Håkon Groven) exel.kval. 1.konk. ck. cert. Bir. 1.Big. 3.Bis. til høyre er Grytosens Loke. eier og fører Pål Erik Øygarden exel. kval. 1.konk. ck. Bim.
Koks er tanten til Loke. å hann er bare junior. artig dem sto mot hverandre i bir kåringa.
Vi gratulerer med flott prestasjon:)
02. May, 2012
VED Å OPPGJE KLUBBENS ORGANISASJONSNUMMER NÅR DU TIPPAR VIL GRASROTANDELEN GÅ TIL VÅR KONTO.
Nummeret finn de oppe på heimesida. Det er lurt å lagre org.nr. på mobiltelefonen slik at du har det tilgjengeleg ved tipping. Vi håpar at medlemmar og andre vil nytte denne ordninga som kan verte ei god inntekt for klubben.
10. Oct, 2011
JAKTBILDE 2011
Det ligg eit album for bilde frå årets jakt under knappen "Bilder" til venstre på sida. Nokre bilde er alt komne på plass. Håpar fleire vil sende inn bilde, gjerne med ein kort kommentar/tekst.
09. Oct, 2011
Utkast til nye prøvereglar for laushund
Brukast ved prøve/paralelldømming under årets laushundprøvar.
14. Sep, 2011
UNGDOMSMESTERSKAP LAUSHUND 2011
Odd Ivar Sveen med hunden Goliat ( eigar Odd Rindhølen) er trekt ut som klubbens deltakar i mesterskapet.
Håkon Kveum med King er oppsett som reserve.
Odd Rindhølen vert vår utsendte dommar.
05. Sep, 2011
RESULTATLISTE LOMUTSTILLINGA 2011.
Lomutstillinga vart arrangert 18.-19. juni på Nordal Turistsenter i Lom sentrum. Det var eit vellukka arrangement, som samla mange utstillarar med sine hundar. Plasseringa på campingplassen var svært idiell både for hundar og folk.
Takk til ansatte på Nordal Turistsenter for ein framifrå god service! Her vil vi gjerne kome att.
Takk til utstillingskomitèn, med Arild Visdal i spissen, for eit kjempefint arrangement!
Sjå bildeserie frå utstillinga under knappen for bilder til venstre på sida.
02. Jul, 2011
TO FLOTTE PRISAR TILDELT JOTUNFJELL FJORDANE EHK UNDER RS-2011
Svarthundens Falder (eiigd av Bjørn H. Marthinussen, Bremanger) fekk utmerkelsen Årets Utstillingshund, og Grytosens Bju (eigd av Egil Skogum, Lalm) vart kåra til Årets Jakthund. Forbundsleiar Ellen Krogstad delte ut dei to prisane under den høgtidelege festmiddagen på Gardermoen.
Slike utmerkelsar heng svært høgt, og svært gledeleg at vår klubb fekk begge desse.
Det vitnar om ein klubb i sterk framgang.
Vi gratulerer dei to prisvinnarane, og takkar for innsatsen på hundefronten!
01. May, 2011
Tilbake








