Soga om hellebrotet på Sollesnes
|
Kring 1225 kom det ein båt innover Hardangerfjorden. Der stod Peter Unge. Han hadde nok vore der før, for no hadde han vore i Bergen og makebytt ein større pengesum samt jord på Halsenøy mot garden Sandven.Korleis Peter hadde kome til pengar er uvisst, men segna seier at han hadde vore i Jerusalem og sloss seg gull der. På denne tida var det uvanleg med kristne namn her heime.Denne Peter, som seinare vart kalla Peter på Sandven var den fyrste sjølveigande bonden me veit om på garden. |
|
|
|
|
|
Slik ser teiknar Bård Sandven for seg landnåmet på Sandven, |
|
|
Store jordegods på denne tida vart delvis kjøpt, men oftast danna ved inngifte. Førestenaden for å få det til var at ein ikkje let kjærleiken rå ved val av ektemake, og at ein gifte seg inn i same slekta for ikkje å spreia i andre generasjon det som var samla i forrige. Dette førte til at Sandven og Galtungane på Torsnes utover 13 og 1400 talet gifte seg inn med kvar andre. Men som ein veit er ikkje dynasibygging berre avhengig av kor mykje land ein kan kara til seg, men og eit spørsmål om skikkekeg avkom slik at godsa vart skjøtta godt også i neste generasjon. I 1497 toppa denne politikken seg. På dette tidspunktet hadde jordsamlingsunionen Sandven/Galtung samla seg over 72 jordegods spreidd ut over heile Hardanger og vidare med. I 1497 kom det i stand eit makeskifte mellom to systrer. Ei vart sitjande på Sandven og ei på Torsnes. Heldigvis for Sandven sine seinare oppsitjarar vart kona på Sandven sitjande med hellebrotet på Sollesnes. Det eldste me veit, vart steinbrotet kalla Kvernurdi. Det at namnet var innarbeidd alt i 1421 tyder på at det hadde vore drift endå lengre attende. Det var produksjon av kvernstein som var opphavet til namnet. Men at det har vore teke ut steinheller og murstein i tillegg er heilt sikkert. I Håkonshallen i Bergen finn ein både murstein og heller som utan tvil har kome frå Helleurda på Sollesnes. Frå mellomalderen og framover dei par neste hundreåra er det lite å finna av skriflege kjelder som omtala helleurda. Men i 1613 kom Peder Claussen Friis med ”Norges Beskrivelse” Der skriv han at dei i Hardanger bryt utalige kvernsteinar, bakste- og turkeheller, som vert sende vidt omkring i landet. Det er ikkje spor etter andre ”kvernurdar” i Hardanger, så steinen må ha kome frå Sollesnes. Vidare framover i ein periode fram mot slutten av 1700-talet må det berre ha vore sporadisk drift til eige bruk i Helleurda, men så losnar det igjen. I 1788 kom det i stand eit forlik om grensene og dermed var det på nytt greitt at Sandvensbøndene åtte Kvernurda, og alle som seinare har drive har betalt grunnleiga til dei. |
|
|
|
Scholeus sitt stikk av Bergen frå ca 1580. Til venstre i biletet ser me Håkonshallen og resten av Bergenhus festning. |
|
Stor marknad i byane I 1829 skriv Jens Kraft i si skildring at ”Det betydeligste skiferbrud i fogderiet er den saakaldte Qern-Ur i Jondals sogn, hvor der brydes en stor del heller, og mange jegteladninger deraf forsendes til andre af forgderiets egne, hvor skifersten til tagtækning bliver mer og mere aldmindelig” I 1843 reiste Ivar Aasen gjennom Hardanger på ei av sine granskingsferder. Han skreiv då i dagboka si då han for med båtskyss forbi Sollesnes at: ”Man har begynt at bryde nedenfra og saaledes arbeidet sig ind under klipperne, saa at brudene ser ut som store kjeldere eller hus. Disse brud skal først for kort tid siden være aabnede, men har allerede hidtil inbragt en overordentelig pengesum, da man har haft en sterk afsætning paa hellerne” |
|
|
|
|
|
Frakteskuter på Sollesnes klare til å lasta ombord heller. Den store veksten i byane på Vestlandet |
|
| 150 mann i arbeid I femårsmeldinga i 1850 fortel lensmannen at det vert teke ut takstein ”baade til districtets behov og saa til salg i andre districter” I 1855 skriv han at det vert teke ut takstein, murstein og store heller, og mykje av steinen går til Bergen, Haugesund og Stavanger. Dei driv arbeidet helst vår, sumar og haust og dei ”tjener temmelig godt”. På denne tida var det også eit anna brot i drift. Til saman var det kring 100 mann i arbeid, og lensmannen i Strandebarm var bekymra på bøndene sine vegne. Han seier i 1860 at det er vanskeleg å få tak i drengjer, fordi minst 40 mann frå Strandebarm; husmenn, strandsitjarar, og lauskarar var i arbeid i helleberga frå mars til november. Avtalen på denne tida var slik at grunneigarane fekk 1/3 og arbeidarane 2/3 av hellene. På denne måten tente dei ofte meir enn 40 Speciedalar om året. På det meste var arbeidsstokken på meir enn 150 mann i periodar. Sandvenbøndene var der også sjølve, men mest om vintrane, då gardsdrifta heime tillot det. |
|
|
Ein kald og hard kvardag Når eit lag har fått seg ein teig, skyt dei fyrst bort herkesteinen og ridfjellet og kjem ned på greide gangar langs ”benken”. Tvert over går det òg gangar som dei kallar ”avskurdar”. Der ein gang og ein avskurd møtest, der set dei ei dugeleg mine og skyt laus ei ”skuffe”. Ho kan vera mange meter i firkant, og djup som holet er djupt til. Har dei djupe hol og mykje krut, så kløyver ho seg stundom i to digre flak. No tek dei ikkje til å kløyva heller straks, det går ikkje. Men dei kløyver skuffa i to like store flak med stålkilar, kløyver so dei to i fire, dei fire i åtte. Når alle flak er like tjukke, eit span eller so, tek dei storhammaren og slår dei tvert av i ruter so vide som hella skal vera. Det går etter mål, og dei lyt ha god tame som slår. No fyrst finkløyver dei – alltid etter midten – med tunne, kvasse stålkilar, og so er det helle. Når dei kantslår, legg dei fyrst vinklane på kvar helle og repar; men dei slår ikkje heilt inn til streket. Den som skal gjera det, har to hamrar, med den eine slår han, og med den andre held han under, so kanten støkk beint ned. Og so er hella ferdig. Er laget stort nok, skifter dei arbeid so kvar mann får sitt. Då er det moro å sjå på. Sume miner ”skuffa” ut or berget, sume grovkløyver, sume slår flaki etter mål til ruter, sume finkløyver, sume kantslår, og endeleg kjem kvar helle under dei to hamrane og får ein rein og greid kant. |
|
|
|
|
|
På 1800-talet la dei skjener somme stader, for å letta transporten, og sette seg opp |
|
|
So skal dei til sjøs. Det er bygd vegar frå fjorden og opp. Vegane er hellekledde og buktar seg oppetter, so når du ligg på fjorden, ser dei ut som armar. Her er det aldri tale om ein hest. Dei får vera hestar sjølve. Dei tek ei tjukk, sterk golvhelle til slede. Og på henne legg dei helle på helle – eit stort hestelass – og bind dei godt åt so dei ikkje glid. No hukar dei ein jarnkrok i golvhella, i kroken er band og styrestong. Og so fer det i veg nedetter, so det er stygt å sjå på det. Er det våtver, glid lasset sjølv mest. Ein slik veg kallar dei ”skreiden” (av å skrida). Ved fjorden er det nærdjupt, so skipi kan leggja heilt innåt. Det ligg store stigar frå land og ut på skipsrekka, og desse er klædde med hun. So dreg dei hellene om bord og firer dei beint ned i lasterommet med ein gong. Det er ikkje berre takstein dei fører ut. Det er golvstein, trapper og hagebord, og so nokre svære heller som vert sette saman med sement til kassar. Moro er det å sjå på desse gamle bergmennene i kvardagsbunad. På hovudet sit ein sydvest eller gamal hatt, om halsen eit ullband i fleire reivingar og kring bulen ei vid, sid ulltrøye som er oppeti av steinmjøl i bringa og på armane, og so endeleg ei vid brok med bøter på i alle letar, mest på kne og bak. På føtene har dei tresko, so store at dei godt kunne ha to føter i kvar sko om dei var skikkeleg uthola. Tobakk er dei harde på. Om vinteren når det er kaldt, heng slevane gule og brune i jøklar som under ei ufs; ein og annan gongen er dei oppe med saueskinnsvotten og bryt dei av. Dei fyrste 40 åri låg dei i opne skuri både vinter og sumar. Taki var ikkje tette. Når det var snjofok, gauv det inn, so dei sopa snjoen av åkledi om morgonen. No er det anna stell. Oppe i broti har dei smie og kan kvessa borar og hamrar og kilar sjølve. Mange har halvtekkjer og bordskur, so dei kan få seg varm mat og står under tak med det finaste arbeidet. Nede ved fjorden har dei tette gode hytter og ligg der med natti. Der har dei store matkister og dungar med gamle klede. Kvar fredag kjem eigarane og krev leigepengar. Laurdag middag tek arbeidarane på heimveg om veret er slik at dei kan leggja til fjords. Når du møter dei sundagsmorgon ved kyrkja i fine vadmålsklede, reinraka og kjemde, skal du knapt kjenna dei att. Dei er velstandsfolk desse karane. For dei tenar sine tre, fire hundrad kroner midt på svartaste vinteren medan mange andre ligg inne og syg på labben. |
|
![]() |
|
|
Alt arbeid og all transport i Helleurda gjekk føre seg med handemakt. Hellelader vart dregne langs steinlagde sleper heilt til sjøs. Det kunne vera eit slit. Var det vått og glatt, var det slett ikkje ufårleg heller. |
|
|
Landtransporten drep produksjonen Kald vår, men det blømde til slutt Murstein til heile landet - og litt skiferheller |
|






